Espen Lothe:

Då pandemien slo inn over oss i 2020 var vi veldig skjelvne og lurte å korleis det skulle gå med oss og våre kollegaer i handverksølbransjen. Men dette vart jo ei bra tid forretningsmessig og storstilt Noregsferie og bråstopp på alle reiser til utlandet viste seg å være gull verdt for oss. Så var det vel ei vekes tid eller to mellom pandemien og krigen, var det ikkje det? Uansett, tida etterpå viste seg å bli vanskelegare.

Det har ikkje vore heilt enkelt å drive handverksbryggeri dei siste åra. Råvarer, emballasje og transport har auka så mykje at vi opererer på langt lågare marginar enn før. Og så må vi innsjå at øl ikkje er like heitt som det var på 2010-talet. Så vi prøvar å jobbe med dette i bakhovudet. For meg ser det ut til at det i 2024 skjedde ein del i marknaden når det gjeld kva øl publikum etterspør. Eg synest eg ser eit oppsving for litt meir trauste og gamaldagse ølstilar som porter, pils, bayer og vestkyst-ipa på bekostning av hazy-ipa, pastry stout og syrlege fruktøl. Og denne utviklinga passar oss på Kinn veldig bra. Vi har hatt eit svært godt 2024 og vi trur at den næraste tida også skal bli bra. Vi har aldri bryggja meir enn vi gjer no og vi har heller aldri hatt høgare kvalitet på det vi leverer. Og litt om kvalitet: det er jamt over betre kvalitet på det som blir levert i handverksølsegmentet no enn for nokre år sidan. Og for dei fleste ølstilar er dette nok heilt avgjerande for framtida: skal ein kunne forsvare ein høgare pris for eit handverksøl enn eit industriøl held det ikkje berre å være kul. Produktet må være av tydeleg høgare kvalitet.

Det vil nok bli nokre som legg inn årane i 2025, men det vil komme nokre til også. Eg har i mange år tenkt at i Noreg har for mange satsa på å bli nasjonale leverandørar og for få satsa på å drive bryggeripub. Eg ynskjer meg eit større mangfald av ferskt, lokalprodusert øl på kran rundt om i Noreg! Håpar vi kan få sjå meir av dette i 2025.

Elles så er det jo teikn på at økonomien går rette vegen. Prisane på energi er til å leve med, humle og malt går litt ned og glassprisen står i ro etter voldsom auke fleire år på rad. Kinn har jo vore tunge på glassemballasje, men frå 2025 tek vi eit viktig grep og startar med øl på boks. I fyrste omgang blir det å bytte ut 33cl glas i daglegvare med 44cl boks. Og så får vi sjå det an.  

Tom Young:

  • Fortsatt mye fokus på alkoholfritt/øl med lavt alkoholinnhold
  • Økte markedsandeler for LITE-produkter
  • Fortsatt mye fokus på RTD, hard seltzer, ginger beer og andre produkter som ikke er brygget som øl
  • En forbrukertrend som går mot lav-alkohol kan flytte salg fra vin/brennevin til øl
  • Stadig vanskeligere for små bryggerier å få hylleplass hos dagligvarekjedene
  • Et (enda) vanskeligere marked for de aller minste bryggeriene. Flere konkurser/oppbud
  • Fortsatt store fortrinn for utenlandske bryggerier som kan bruke sosiale medier til å markedsføre sine produkter i Norge

Vi i Bryggeri-og drikkevareforeningen tilføyer et nyttårsønske: Måtte 2025 bli året der norske bryggerier får lov til å selge sterkøl fra egne utsalg!